Hjelmeland Skytterlag

Hjelmeland skytterlag er eit aktivt skytterlag tilknytta Det Frivillige Skyttervesen.
Me har stor aktivitet gjennom heile året, og er stolte av å kunne å bidra med ein levande møteplass for alle generasjonar i lokalsamfunnet. Me er og opptatt av at barn og unge skal ha eit tilbud der alle skal føla seg velkomne, får utvikla seg og kjenne på mestring. For å kunne fortsette dette arbeidet treng me di støtte.

Kvifor di støtte er viktig
Ditt bidrag gjer det mulig for oss å kunne oppretthalda og forbedra vårt tilbud til blant anna barn og unge i lokalmiljøet. All innsats i laget blir utført på dugnad, så di støtte vil hjelpa oss å dekka kostnadar for utstyr, vedlikehald av anlegget, og arrangementer som skapar glede og fellesskap. Eit mål for 2024 er å få bytta ut skiver og elektronikk på 300 m banen til dagens standard. Det er ei stor og nødvendig investering som me ikkje klarer aleine.

Korleis kan du bidra?
Ved å delta i vår digitale dugnad! Via denne sida kan du enkelt foreta bestillingar av produkter. Kvart innkjøp du gjer støttar direkte klubben og er eit verdifullt bidrag til at me kan videreføre arbeidet vårt.
Etter at du har sendt inn di bestilling, vil du bli kontakta av ein av oss i laget eller ein av våre engasjerte deltakerar. Dei vil avtale levering og betaling basert på dine ønsker.
Du kan og dele denne sida med familie, venner og bekjente på sosiale medier eller e-post. Med di hjelp kan me nå eit vidare publikum og få ennå meir støtte.
Husk at kvar krone tel og bidrar til å gjera ein forskjell i lokalmiljøet. Takk for at du hjelper oss med å fortsette med det viktige arbeidet vårt!

Har du spørsmål kan me nås på epost: hjelmeland@skytterlag.no eller telefon: 47661333

Mvh for Hjelmeland Skytterlag, Anne Nordbø